Innlegg

Frøylandsvatnet e ein fornøyelse!

Bilde
 Eg har i dag kryssa Frøylandsvatnet og studert innløpet te Kongo (Bryneånå). Litt usikkert korleis eg skal angripe morgendagen. Tusen hjerteleg takk til famelien Mihle Strand som stilte mannsterke for å få båten opp frå Sandnes. Etter to netter på liggeunderlag, har eg nå tatt te fornuften og sjekka inn på Bryne Kro & hotell. Her er bilder frå i dag, så skal eg finne fleire ord etter å ha kvilt litt.

Halvveis inn Gandsfjorden

Bilde
 Har slått opp telt på Dalestraen, etter ein dag med god vind inn Gandsfjorden. Har fått ei rift i seilet, men tror det skal holda for å komma greit inn te Sandnes i morgen. Då blir prosjektet litt meir avansert, men har ein avtale der rundt middagstider, og håper det blir bra. Eg har et godt håp om å rekka pub på Bryne før kampen på søndag. Det skal bli flo rundt midnatt, og då må eg passa på at båten ikkje reiser avgårde.  Det blei litt sightseeing i dag, då eg hadde alt for god tid, og ingen ambisjonar om komma te Sandnes i dag. Det blei og sushi i Jåttåvågen. Då fekk eg muligheten til å lada telefonen også. Eg kikka dessuten inn på banen, kor Bryne aldri taper. Då eg såg alle dei tomme setene, begynte eg å lura på om det var kamp her i dag og.  Eg kan ikkje sei at eg er blodfan av dette campinglivet, men det går på et vis, og om ein bruker ferien slik, bler det jo ein stor fornøyelse å komma heim til ei skikkelig seng.  

Endeligt Lindøynå!

Bilde
  Eg har satt kursen mot Jæren. Eg har seilt heile dagen, å tenkte meg ein tur innom Vågen i Stavanger, men akkurat det ville seg ikkje.  Eg trur forresten at vindretningen var nordvest, men ka vett vel eg. Nå har eg slått opp telt på Lindøy - plassen for dei som ikkje kunne oppføra seg som ungar. Så det er vel på sin plass. Eg har glømt fyrstikker, så, det bler ikkje middag i idag, og heller ikkje kaffi i morgon. Uansett skal eg sikte meg inn Gandsfjorden, og håper at Emil med famelie er klar på lørdag. Det eg sitt å tenke på nå er denne porten inn te Bryne frå Frøylandsvatnet. Den trengs muligens å hevas litt for å få båten min under. Kan eg få tak i ein som kan låsa opp her? Om ikkje, seier Emil at han har vinkelslipar, å kan fiksa.

Sesong 2, Randøy - Bryne

Bilde
  Det er ein dårleg ide, men ein dårleg ide er fortsatt ein ide. Eg trur eg kom på det ein gang eg tok toget langs Frøylandsvatnet frå Brynekamp. “Ein kan jo ro her!” Så nå har eg bestemt meg for å ro te Bryne. Det vil seie at når eg skriv dette sitter eg på Randøy, men i morgen - torsdag - den dag legg eg ut på Horjefjorden, med retning Jæren. Eg starta søndag for det var knallver den dagen. Eg rodde ut Fisterfjorden, og inn til Strandastøa. Der har eg famelie som dei seier, og eg visste om ein god kai kor eg kunne ligga. Alt gjekk strykande ut fjorden og heilt til Marshovet, då kjente eg i hendene at eg ikkje har rodd på ei stund, og typisk nok møtte eg ein god austavind der, som ikkje var heilt perfekt i og med at at eg skulle ganske rett aust. Eg rodde videre, ikkje fordi at eg ville, men eg fant ingen gode plasser å gjør strandhogg.  Det var mykje å sjå frå Nordmarka te Strandastøa, og det var jo stas, reint bortsett at eg fekk sjå ting så lenge, då det gjekk frykteleg se...

Tanken bak det heila

Bilde
  Eg bur i Sandangervågen som ligg på Randøy, som er ei skjortalause havn, i Fisterfjorden. Mitt lokale kjøpesenter er i Ølesund, og hvis eg skal gjetta, trur eg det tar meg èin halv time å ro dit. Eg har og lært meg et par plasser kor èin kan dra opp i lyr og to mellom Sandangervågen og Ølesund. Det er jo denne turen eg pleier å gjera, og med ein lang tur i bagasjen, så blir det jo dagdriveri med denne etappen. Her forleden dag tok eg turen, og eg fekk min første lyr med hurtigbåtkaien her på Sandanger.  Den andre tok eg med Espholmen, sånn midtveis, som er min favorittplass å fiska. Der kan èin som regel ligga greit i le, og ikkje driva så fort, nå når èin eingang ikkje har motor.  Der fekk og ein lyr nesten umiddelbart rett med lykta. Det gjekk så fort at eg heiv ut i èin gang til, men når det ikkje nappa fort nok, var eg snar med å reisa videre.  Siste plass eg drog opp var under Ølesundbrua, og får du ikkje fisk under Ølesundbrua, då må du bare gje opp å fiska, ...

Ein kan ikkje bare ro

Bilde
Tidvis må ein og jobba med andre trebåtrelaterte utfordringar. Været er så som så om dagen , og då kan ein jo holda seg på land litt og. Dei to prosjekta eg har på lista, er å tetta båten og bygge ei krybbetralle til Oselvaren. Så når tida kjem og husverten kjem med traktor for å heisa båten, kan den plasseras på tralla, og triltas inn i garasjen her i Sandangervågen. Eg tok turen til XL-bygg på Hjelmeland for å kjøpa metervis med 2toms4, og bygge ei ramme - kor eg kunne sette støttene som eg fekk med fra Tysnes - på. Her var eg så heldig og traff Birger Laugaland, som kunne gå god for stroppinga mi. Eg stoler på han, han har jo fagbrev. Han meinte og at det skulle holde med 2toms4, så då har eg heldigvis ein å skylde på om det skulle brekka. Krybbetralla ser lovande ut, men eg har ikkje festa støttene endå, då eg ser for meg at eg må justera dei når båten heng i stroppane.  Eg har jo kosta litt og gjort bittelitt forefallende her i Sandangervågen, så husverten var full av godvilje...

Ein tur til Judaberg

Bilde
Bloggekollega og far - Jone Laugaland er tilhengar av at eg skal blogge meir. For som han seier, «Du er ingen verdensmeister, og folk likar å lese om denslags». Det er kanskje det nærmaste ein kom eit kompliment frå ein far fra Ryfylke.  I dag hadde eg meg ein tur frå Randøy til Judaberg, eg tok ingen bilder, såg ikkje poenget. Eg hadde bare eit ærend på Judaberg. Eg hadde dagen, og rodde, då all anna kommunikasjon med Judaberg blir bakvendt herifrå, når ein ikkje har påhengsmotor. Eg prøvde å ringa Trebåteksperten på Judaberg i går, og då han ikkje tok telefonen, mistenkte eg jo at han ikkje var på heime. Eg tok turen allikevel. Opptil fleire nære slektninger har forbausa seg over at eg tok ein bomtur til Judaberg. Men det var jo ikkje ein bomtur, det var ein tur! Der er ein heil haug med holmar og sund mellom Randøy og Finnøy, og desse må jo eg gjør meg kjent med. Dessutan var det austavind, og eg må sjå  ka den gjør her og der. Eg lærte masse. Kanskje det viktigaste: Eg sku...