Halvveis inn Gandsfjorden
Har slått opp telt på Dalestraen, etter ein dag med god vind inn Gandsfjorden. Har fått ei rift i seilet, men tror det skal holda for å komma greit inn te Sandnes i morgen. Då blir prosjektet litt meir avansert, men har ein avtale der rundt middagstider, og håper det blir bra. Eg har et godt håp om å rekka pub på Bryne før kampen på søndag. Det skal bli flo rundt midnatt, og då må eg passa på at båten ikkje reiser avgårde.
Det blei litt sightseeing i dag, då eg hadde alt for god tid, og ingen ambisjonar om komma te Sandnes i dag. Det blei og sushi i Jåttåvågen. Då fekk eg muligheten til å lada telefonen også.
Eg kikka dessuten inn på banen, kor Bryne aldri taper. Då eg såg alle dei tomme setene, begynte eg å lura på om det var kamp her i dag og.
Eg kan ikkje sei at eg er blodfan av dette campinglivet, men det går på et vis, og om ein bruker ferien slik, bler det jo ein stor fornøyelse å komma heim til ei skikkelig seng.



Kommentarer
Legg inn en kommentar