Sesong 2, Randøy - Bryne
Det er ein dårleg ide, men ein dårleg ide er fortsatt ein ide. Eg trur eg kom på det ein gang eg tok toget langs Frøylandsvatnet frå Brynekamp. “Ein kan jo ro her!” Så nå har eg bestemt meg for å ro te Bryne. Det vil seie at når eg skriv dette sitter eg på Randøy, men i morgen - torsdag - den dag legg eg ut på Horjefjorden, med retning Jæren.
Eg starta søndag for det var knallver den dagen. Eg rodde ut Fisterfjorden, og inn til Strandastøa. Der har eg famelie som dei seier, og eg visste om ein god kai kor eg kunne ligga.
Alt gjekk strykande ut fjorden og heilt til Marshovet, då kjente eg i hendene at eg ikkje har rodd på ei stund, og typisk nok møtte eg ein god austavind der, som ikkje var heilt perfekt i og med at at eg skulle ganske rett aust. Eg rodde videre, ikkje fordi at eg ville, men eg fant ingen gode plasser å gjør strandhogg. Det var mykje å sjå frå Nordmarka te Strandastøa, og det var jo stas, reint bortsett at eg fekk sjå ting så lenge, då det gjekk frykteleg seint. Eg kom meg til Strandastøa og tok kontakt med Helge som eig kaien, og naboen - Onkel Olav. Dei tok i mot meg med åpne armar.
Onkel Olav er ein elskverdig vert, men han trua meg med vold om eg ikkje starta med solkrem, og eg må innrømma at tanken hadde streifa meg undervegs. Men eg har jo altfor mykje anna å tenka på. Eg har jo ikkje fortalt ka eg holder på med her, men eg er altså på veg te Bryne, kor Bryne møter Viking på øverste nivå for fysste gang på 22 år. Og for dei innvidde, det er jo ikkje heilt bare bare å ro te Bryne, i og med at Bryne ligg i Time kommune, og Time er ein av få Rogalandskommuner utan kystlinje. Og eg har holdt kjeft om ideen min heilt te nå, for eg visste ikkje om eg kunne få det til. Men Onkel Olav har omfavna prosjektet, og i går - Tirsdag - var eg og han med barnebarn på befaring på Jæren for å sjå korleis ein kan angripe Jæren med robåt.
Meg, Emil, Sanna og Tuva studerte korleis Storånå på Sandnes går under bakken frå Sandnesvågen, og kjem opp igjen med jernbanen på Sandved. Eg kjente eg var fortsatt skeptisk, men Emil var tydeleg på at her var det mange muligheiter. Han har vore med på ein del ganske kompliserte prosjekter oppe med Preikestolen, og løfta større ting enn ein 17 fots Oselvar, og var tydeleg på at dette var ein smal sak. Og eg lot meg overtala. Så eg er altså på veg til Brynekamp på søndag. Eg måtte bare ein liten tur te Hjelmeland igjen, då Ryfylkebussen hadde ein temmeleg lukrativ cruisebåtjobb i dag - onsdag. Men torsdag set eg kursen søraust, for på søndag er det kamp, og den skal eg sjå!




Kommentarer
Legg inn en kommentar