Ein kan ikkje bare ro
Tidvis må ein og jobba med andre trebåtrelaterte utfordringar. Været er så som så om dagen , og då kan ein jo holda seg på land litt og. Dei to prosjekta eg har på lista, er å tetta båten og bygge ei krybbetralle til Oselvaren. Så når tida kjem og husverten kjem med traktor for å heisa båten, kan den plasseras på tralla, og triltas inn i garasjen her i Sandangervågen.
Eg tok turen til XL-bygg på Hjelmeland for å kjøpa metervis med 2toms4, og bygge ei ramme - kor eg kunne sette støttene som eg fekk med fra Tysnes - på. Her var eg så heldig og traff Birger Laugaland, som kunne gå god for stroppinga mi. Eg stoler på han, han har jo fagbrev. Han meinte og at det skulle holde med 2toms4, så då har eg heldigvis ein å skylde på om det skulle brekka.
Krybbetralla ser lovande ut, men eg har ikkje festa støttene endå, då eg ser for meg at eg må justera dei når båten heng i stroppane.
Eg tok turen til XL-bygg på Hjelmeland for å kjøpa metervis med 2toms4, og bygge ei ramme - kor eg kunne sette støttene som eg fekk med fra Tysnes - på. Her var eg så heldig og traff Birger Laugaland, som kunne gå god for stroppinga mi. Eg stoler på han, han har jo fagbrev. Han meinte og at det skulle holde med 2toms4, så då har eg heldigvis ein å skylde på om det skulle brekka.
Eg har jo kosta litt og gjort bittelitt forefallende her i Sandangervågen, så husverten var full av godvilje første gang han måtte heisa båten. Eg er redd at han ikkje skjønnar kor mye arbeid det kommer til å bli, og kor mange ganger eg kommer til å trenga traktorassistanse.Elles så har det vært mange tips om kordan eg skulle tetta båten. I går tørka eg ut båten skikkeleg og kunne sjå kor det sildra inn mest vatn. Det var i ein bordskjøt omtrent med den fremste keipen. Eg hadde ein halv pakke med meierismør som eg blei usikker på kor lenge hadde stått i kjøleskapet. Eg googla litt og fant ut at meierismør og margarin var jevngode som på tetting av trebåt. Dei burde kanskje fått inn ein ekstra kategori på den tabellen på smørpakninga.
Etter ein halv dag var eg skuffa over virkninga til det gamla meierismøret, og reiste og kjøpte margarin, fersk Melange, eg kunne glatt kasta litt penger på dette problemet, kjente eg.Nå gjekk eg skikkeleg til verks. Eg pleier å sykle ein del, og då hender det jo fra tid til anna at eg punkterer. Eg har lært av husverten at ein ikkje skal kasta ting som kan komma til nytte, og nå slo det meg at eg kunne bruka et par sykkelslanger for å ha rundt båten. Deretter kleisa eg godt over 200 gram margarin på ei fjøl, og klemte inn under sykkelslanger. Den andre klossen er for å få litt meir press. Så nå sitter eg bare å venter på at båten skal bli tett. For eg har jo ein heil del plasser å reise, og mange Ryfylkingar å møta.
Kommentarer
Legg inn en kommentar