Ein tur til Judaberg

Bloggekollega og far - Jone Laugaland er tilhengar av at eg skal blogge meir. For som han seier, «Du er ingen verdensmeister, og folk likar å lese om denslags». Det er kanskje det nærmaste ein kom eit kompliment frå ein far fra Ryfylke. 

I dag hadde eg meg ein tur frå Randøy til Judaberg, eg tok ingen bilder, såg ikkje poenget. Eg hadde bare eit ærend på Judaberg. Eg hadde dagen, og rodde, då all anna kommunikasjon med Judaberg blir bakvendt herifrå, når ein ikkje har påhengsmotor. Eg prøvde å ringa Trebåteksperten på Judaberg i går, og då han ikkje tok telefonen, mistenkte eg jo at han ikkje var på heime. Eg tok turen allikevel. Opptil fleire nære slektninger har forbausa seg over at eg tok ein bomtur til Judaberg. Men det var jo ikkje ein bomtur, det var ein tur! Der er ein heil haug med holmar og sund mellom Randøy og Finnøy, og desse må jo eg gjør meg kjent med. Dessutan var det austavind, og eg må sjå  ka den gjør her og der. Eg lærte masse. Kanskje det viktigaste: Eg skulle ha tatt med seil!

Grunnen for at eg tok turen til Trebåteksperten på Judaberg, er jo at Oselvaren min tar inn frykteleg mye vatn. Heile min Ryfylkerunde var prega av ausing. Og hvis eg skal på tur igjen, vil eg gjerne ble kvitt somme av dei irritasjonsmomenter eg hadde på første runde.

Eg har truttna båten nå ein måneds tid, med begrensa hell. Eg har prøvd å maura litt, sjøl om det er veldig delte meiningar om mauring.    
Båten er fra omlag 1930. Eg kjøpte den av enka til Leif Dagmund Øvrevåge, og han hadde arva båten etter sin bestefar, Torgeir Gjersvik. Båten hadde vore lagra innendørs i fleire år.
Eg var å henta båten på Tysnes, like ved Onarheim. Ein viktig grunn for at eg kjøpte akkurat denne båten var at eg hadde lyst på ein tur til Tysnes. Det er ein plass du ikkje reiser uten grunn. Eg inviterte til og med foreldra mine på turen, då eg tenkte at alle kunne tenka seg ein tur til Tysnes. Dei slo til.


Det var altså ingen bomtur til Judaberg, eg fekk rodd gjennom Buøysundet, eg fekk spisa toast på Kaihuset, og eg fekk gjort heilt nødvendig proviantering på EXTRA, Judaberg. Ein butikk som overgår alt det med har her i min eigen kommune. Eg kan ikkje lova regelmessige oppdateringer her, men eg begynner å forstå at roing i Ryfylke er såpass eksotisk, at eg skal prøve å ta bilder neste gang. Men eg må jo ause og, og det er vel tross alt viktigast. 


 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Avreise frå Randøy

Dag 2: Hauga - Førre - Vadla - Ramsfjell - Nesvik

Dag 4: Foldøy - Ropeidhalvøya - Israelsneset