Det er ein dårleg ide, men ein dårleg ide er fortsatt ein ide. Eg trur eg kom på det ein gang eg tok toget langs Frøylandsvatnet frå Brynekamp. “Ein kan jo ro her!” Så nå har eg bestemt meg for å ro te Bryne. Det vil seie at når eg skriv dette sitter eg på Randøy, men i morgen - torsdag - den dag legg eg ut på Horjefjorden, med retning Jæren. Eg starta søndag for det var knallver den dagen. Eg rodde ut Fisterfjorden, og inn til Strandastøa. Der har eg famelie som dei seier, og eg visste om ein god kai kor eg kunne ligga. Alt gjekk strykande ut fjorden og heilt til Marshovet, då kjente eg i hendene at eg ikkje har rodd på ei stund, og typisk nok møtte eg ein god austavind der, som ikkje var heilt perfekt i og med at at eg skulle ganske rett aust. Eg rodde videre, ikkje fordi at eg ville, men eg fant ingen gode plasser å gjør strandhogg. Det var mykje å sjå frå Nordmarka te Strandastøa, og det var jo stas, reint bortsett at eg fekk sjå ting så lenge, då det gjekk frykteleg se...