Dag 5: Israelsneset - Skartveit - Sandanger (Hjem)

 


Eg følte meg jo litt dum i dag morges, når eg våkna med vondt i ryggen, etter natt på liggeunderlag, med tanke på at eg kunne få låna heile den hytta bak teltet. Men er du idiot, så er du idiot. Eg trur eg kom meg fra Israelsneset rundt halv 8, og rodde ut ein blikkstille Sandsfjord. Heilt etter planen. I går hadde eg lagt merke til at vinden kom ut av Vindafjord, og planen var å bruka den for å vinna høyde, og ha ein triumfferd gjennom Sjernarøyene og til Finnøy. Den planen gjekk i dass, ingen vind ut Vindafjord. Eg rodde nesten til Nedstrand før eg heiste seil og venta på vind. Eg sjekka YR, og til min overraskelse var det venta sønnavind her i dag! Sør? Eg har ikkje heilt kontroll på himmelretningane her i Ryfylke, men hvis ikkje Bokn-sendaren ligger rett sør for Nedstrand, såg eg jo at dagen ikkje kom til å bli den festen som eg håpa på. Eg kom meg greit nok over fjorden, men i det eg kom mellom Bjergøy og Ombo, begynte eg å ane konsekvensene av denne sønnavinden. Eg blei liggende å skvulpa ihvertfall ein time før eg tok årene fatt. Dagen blei ein finstudie av nordsida av Ombo. Eg kan avsløre at han minne om sørsida. Og øya er svær!  Det er to hytter og utallige steinrøyser. Når det åpna seg mellom Bjergøy og Nord-Talgje fekk eg litt vind, men mye av og på.  På den positive sida, det var her eg lærte meg å ro med halvfulle seil.
Etter ein lang, lang dag, kom eg endeleg frem til Skartveit, denne perla i Ryfylke for byfolk med påhengsmotor. Her kjøpte eg meg ein Skartveitburger med ekstra av alt som muleg å legge til. Eg tror de tok hintet, for eg fekk ein heil tallerken full av pomfri. Eg såg jo for meg at det det nå bare var å heisa seil, og gli stille inn den siste fjorden. Den gang ei, Fisterfjorden var skvulpete, men fri for vind. Så eg rodde den og, ein passande avslutning i grunn.
Så, ka gjorde eg? Heilt enkelt, eg rodde Jøsenfjorden og runda Ombo. Hverken meir eller mindre. Men eg gjorde mye meir enn det, for eg traff folk, og eg fekk gå over Foldøy, se denne Ropeidhalvøya fra ulike vinklar. Eg fekk lære at Ombo er svær, og Jøsenfjorden er lang. Mange ganger. Eg fekk ein sniktitt på Sandsfjorden, og ein dag vil eg til Hylen. Det er mange fjordar, med ulike vesen, og eg kjenner eg må læra dei å kjenna. Eg skal fortsette, men første må eg finne ut kordan eg tetter båten, for eg trur eg har aust på meg senebetennelse. Takk for følget!

 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Avreise frå Randøy

Dag 2: Hauga - Førre - Vadla - Ramsfjell - Nesvik

Dag 4: Foldøy - Ropeidhalvøya - Israelsneset