Dag 4: Foldøy - Ropeidhalvøya - Israelsneset
Eg begynner å bli veldig komfortabel med liggeunderlag og telt, i dag låg eg frampå til halv 6. Sola hang over Jelsa då eg drog. Som vanlig hadde eg gjort minimalt med planlegging og forberedelser, men eg peka baugen mot Foldøy. Eg var der på eit blunk og starta dagen med å ro rundt halve øya. Eg blei tatt godt i mot, av dei få som hadde stått opp før åtte, og fekk god kaiplass, og instruksjoner om ka veier det var på øya. Eg gjekk begge to, å gleda meg over endelig ver på Foldøy. Dessverre var eg her for tidlig på dagen, og eg møtte lite folk. Seinare tikka der inn ei hyggelig melding om at eg måtte ta ein tur på kafeen om eg var på Foldøy, men då var eg reist. Eg må jo tilbake der ein gang, og pønsker på ruter som vil føra meg til Foldøy i ettermiddagstider. Eg kommer tilbake!
Eg blei fanga av sjansen til å oppleva masse på ein dag, og tenkte at eg kunne ro over til Hebnes, og sjå meg om der, og deretter reisa til Vatlandsvågen. Dessverre blei det litt så som så med begge desse plassane, denne Ropeidhalvøya forblir et mysterium for meg ennå litt lenger. Eg fekk heldigvis gjort lunsj og nødvendige proviantering i Vatlandsvågen.
Eg var litt rådlaus på dette tidspunktet , for eg måtte jo ha ein plass å setta opp telt for natta snart. Heldigvis kom der rundt desse tider et tips frå bloggekollega og far, Jone Laugaland, om at eg var tilbudt gode fasiliteter på Israelneset. Det skulle ligga bare litt inn i Sandsfjorden.
Eg hadde jo igjen klart å setta meg i ein situasjon kor eg var i enden av fjorden, vinden stod rett inn og eg ville ut. Nå. Heldigvis var der ein snarvei inn i Sandsfjorden, og der fekk eg ein god leksjon i varierande vindforhold og kompliserte fjordseiling. Eg begynner å tru at einkver fjord treng et liv for å læra seg å seila. Men om veien blei hard, var målet meir enn verdt det. Israelneset er ein gard som ligg der Sandsfjorden er på det tynnaste. Her har det handla om fleirsysleri i generasjoner, og eg har fått omvisning i gamle verksteder og i det som tidligare var musemum. Rett og slett ein kjempeplass å få lov å komma til. Her har eg til og med fått tilbud om oppredde seng, men takka høflig nei, for skal eg komma meg ut fjorden i morgen, må eg tidlig opp, og då er liggeunderlag trikset.
Kommentarer
Legg inn en kommentar