Dag 3: Nesvik - Jelsa
Det var jo fristande å hoppa på Helgøybåten og ta seg èin bytur i dag morges, men det er jo ikkje Ryfylke. Og Judaberg har eg forsåvidt tenkt å spara til litt seinare. Natta var betre enn den foregående, då eg var ennå meir utkjørt og ramla raskt i søvn. Dessuten hadde eg fått låna 2 ekstra liggeunderlag av èin Nesvik, hvis fornavn eg har mista i farten. Eg fekk meg èin kopp kaffi og to knekkebrød, og tok årene fatt vestover. Det var ikkje vind, og eg håpa å komma litt ut i fjorden før eg måtte bestemma meg for kordan eg skulle angripe dette. Eg tenkte jo at eg kunne få sidevind etter å passert Bandåsen, men den gang ei. Eg prøvde med seil, men då eg holdt på å renna inn Erfjord tok eg årene fatt. Det viser seg jo at Ombo er ganske svær, og slettes ikkje tar slutt etter dette «Stavangers høgaste punkt». Dermed såg eg jo at vinden kom til å komma rett i mot resten av dagen. Det løyste eg då med å ro heilt heilt inn under Ombo før eg igjen fekk opp seil. Det gjekk ganske bra veldig lenge. Det er veldig greit hvis du skal innante og mot Jelsa, for då kan du bare sikta på den gamle, nedlagte tønnefabrikken. Då seiler du nordvest på vestavind fra Ombo. Èin liten fallgruva her er at du er ikkje framme hvis du treff tønnefabrikken, du har enda eit nes å runda. Og hvis du då ikkje klarer det må du fort èin tur til Ombo igjen, for å vinna høyde. Eller ta fram årene. Så det gjorde eg. Eg fekk og litt medbølger av hurtigbåten. Men eg tok meg jo ut igjen, og eg var litt medtatt når eg endelig kom meg innenfor moloen på Jelsa. Då slo det meg at eg kjenner jo ingen her på Jelsa, og det er jo ein anna kommune, så eg merka at eg va litt forvirra. Ka gjør eg nå? Det løyste seg heilt elegant. Det var ei som kom ned og ville ta bilde, så eg sikta på hu. Då kom der ein eldre kar syklande, og hadde sett den flotte båten fra hagen sin. Og der de stod var rett med kaien og hagen til Rune Jelsa, hvis far - Lars - hadde bygga 10 liknande trebåter. Han rydda plass på kaien, og eg fekk og ein stol i skyggen med ei kalde øl. Der har de altså nå vært så elskverdige at eg snart skal setta opp telt her i hagen. Og det er kun to minutt frå det offentlige toalettet her på Jelsa. Livet er lett når ein ror trebåt her i Ryfylke!
Kommentarer
Legg inn en kommentar